17 mars 2006

Millom Bach og Belg

BGO Arkitekter og Medplan AS vant konkurransen om beste skisse til det nye kultur- og kompetansesenteret i Volda.

- Juryen meiner at alle dei tre innkomne prosjekta er på eit høgt fagleg nivå. Vinnarprosjketet, ”Millom Bach og belg” frå BGO Arkitekter og Medplan AS, er klart og oversiktleg. Ambisjonane som det er gjeve uttrykk for i tekstdelen går klart fram i det teikna prosjektet.

Prosjektet omfatter nytt hotell, nytt kulturhus, nytt kulturproduksjonssenter for Høgskulen i Volda, samt konsertloklaet "Egget".

Opplevingssenteret skal vere i ein bygning som - er open; som inviterar publikum inn; som er i aktiv dialog med bygdesamfunnet rundt - er fylt av aktivitetar; som pulserar av liv gjennom døgnet - er uhøgtideleg, uformell, venleg, inviterande - legg til rette for ”fri flyt” av publikum, arrangement og hendingar; for improvisasjonar - gir alle dei ulike funksjonane ein samlande identitet Samstundes er det ein ambisjon å kunne utforme og plassere eit stort bygningsvolum utan å forvrenge bygda sin målestokk. I eit topografisk landskap skal bygningen opplevast i ein samanhang, som ein del av bygdas landskap, på nært og fjernt hald, ovanfrå, nedanfrå, innanfrå.



Kulturhuset
Kulturhuset kan bli bygda si nye storstove og er difor lagt nedst på tomta, med eit volum som vender seg mot bygdesentret. Kulturhuset skal vere ope, inviterande, lett tilgjengeleg - store glasfasader understrekar dette. Kinoen er lagt nedst i anlegget, med eigen inngang til ein foajé.

Egget
Egget er det berande motivet / varemerket for kultursatsinga Innovata i Volda, og vil bli ein identitetsskapar for lokalsamfunnet. Romprogrammet for Egget inneheld også Kjelda og Konkylien. Egget er konstruert med eit indre og eit ytre skal – innafor det indre skalet ligg sjølve konsertsalen med scene og publikumsareal.

Eggsalen er ein konsertsal for akustisk musikk som skal romme 300 personar. Det er sett krav til sterkt variabel / fleksibel etterklangstid eller elastisk akustikk i salen – frå ca 1 sekund og opp til ca 10 sekundar. Eggforma skaper utfordringar i høve til tradisjonell musikk, då den i utgangspunktet er det stikk motsatte av ”skoask”-forma, som oftast vert brukt i konsertsalar. Dette blir, når salen skal fungere i denne samanhengen, kompensert ved hjelp av akustiske element og brotne flater. Dei akustiske elementa er plassert i kvelvinga over amfiet og vil også kunne brukas til projisering av bilete.


Millom Bach og Belg.

Legg inn en kommentar

 
Arkitektur  & Miljøteknologi Design: Templateism