Tore Haugen, professor og dekanus ved Fakultet for arkitektur og billedkunst ved NTNU, spør hvorfor Trondheim kommune ikke har en arkitekturpolitikk. Det samme spørsmålet kan stilles i de fleste norske byer.
Til tross for at byenes fysiske utforming vekker stort engasjement i brede grupper, synes det som om dette området blir en salderingspost.
Haugen skriver blant annet:
Etter initiativ frå Norske Arkitektars Landsforbund sett Regjeringa no arkitekturpolitikk på dagsorden med ein nasjonal handlingsplan for arkitekturpolitikk, som er venta ferdigstilt til sommaren. Planen er eit samarbeidsprosjekt mellom 13 departementar. Det seier sitt om kva for eit mangfald arkitekturfeltet byr på.
Klimakrisa har gjort oss merksame på viktigheita av å redusere miljøutslepp og energiforbruk knytt til bygningar og anlegg, som er fastlands-Noreg si største næring. Og nettopp organisering av arealbruk, produksjon av bygningar og anlegg og utforming av byar og bygningar heng nøye saman med og påverkar klimautviklinga.
Difor er behovet for forskning og utvikling av ny kunnskap og kompetanse stort. Nye byggeforskrifter krev til dømes nye måtar å prosjektere og bygge på, nye tekniske løysingar, nye materialar.
/../
Eit døme frå mitt eige fakultet er det nye forskningssenteret ZEB (The Research Centre on Zero Emisson Buildings), som saman med offentlege og private partnarar i løpet av dei neste åtte åra skal satse om lag 300 millionar kroner med eit mål om å skape neste generasjon bygningar, med eit nøytralt klimagassutslepp.
/../
I ein god arkitekturpolitikk må ein vektleggje energi- og ressurseffektive løysingar med bruk av fornybar energi, og mindre bruk av helse- og miljøfarlege stoff i byggeverksemda. Ein må tenkje bærekraft gjennom heile livsløpet for bygningar og anlegg, det gjeld gjennom planlegging, prosjektering, bygging, drift og vedlikehald.
Sentralt er det også at vår eldre arkitektur og kulturarven skal haldast ved like og utviklast. I område med verneverdige bygningar og anlegg må ein ta særskilt omsyn til kulturhistoriske verdiar, samstundes som at det må være høve til transformasjon og ny bruk av eksisterande bygningar og område.
Arkitekturpolitikk må altså ta føre seg dei kulturelle, historiske, sosiale, miljømessige og økonomiske kvalitetane arkitekturen har for byen, og at ein brukar arkitektur, fysisk planlegging og eigedomsutvikling som drivkraft for ei kvalitativ og bærekraftig utvikling av byen og omgjevnader.
Les kronikken i sin helthet hos adressa.no.
Mansion of mysticism: Paris opens glittering home to Sufi art and beliefs
-
Featuring peacock-shaped padlocks and a holographic Sufi master, a new
museum explores the religion’s influence on Western culture – and leaves
visitors ...
Legg inn en kommentar