Arbeidet med å bygge den lengste sykkeltunnelen i Europa er i gang. Sprengingsarbeidet har starta i Fyllingsdalen. Den 2900 meter lange sykkeltunnelen skal gå parallelt med den nye bybanetunnelen. Gjennomslag er venta i november 2020.
Sykkeltunnelen vil korte reiseavstanden frå Fyllingsdalen til Bergen sentrum med om lag 5,5 kilometer. Reisetida blir korta ned med om lag 20 minutt. I tillegg vil sykkeltunnelen fungere som rømmingstunnel for Bybanen. I dag må sykkelturen frå Fyllingsdalen gå via Melkeplassen eller via Bønes til Bergen sentrum.
Det skal byggast sju haldeplassar, mens to haldeplassar blir felles med traséen Bergen sentrum til flyplassen. Desse to blir haldeplassane i Kaigaten og ved Nonneseter. I Fyllingsdalen blir endehaldeplassen ved Oasen. Der blir det byggestart i mai. Den skal vere ferdig i juni 2021. Ved Oasen kjem det ny kollektivterminal med byggestart i februar 2021. Den skal stå ferdig sommaren 2022.
Kilde: Hordaland fylkeskommune
Beyond the First Impression: 7 Buildings You Need to Visit Twice
-
While a first visit may reveal an architect’s intentions, it is often only
on returning that a building begins to reveal a life of its own.
The post Beyo...



Legg inn en kommentar