Kommer du fylkesvei 243 mellom Aurland og Lærdal bør du stoppe på Aurlandssida ved det prisbelønnte utsiktpunktet «640m over Aurland and 20120 km from Tokyo». Utsiktsbrua ved Stegastein er utført i impregnert limtre med stålkjerne, og strekker seg 33 meter ut mot dalen. Ytterst er det bare en plate i herdet glass som skiller deg fra den fantastiske utsikten
Sivilarkitektane Todd Saunders og Tommie Wilhelmsen står bak prosjektet som er en del av satsningen på norske turistveier.
- Dette er eitt av fleire delprosjekt langs den nasjonale turistvegen over fjellet mellom Aurland og Lærdal. Heile strekninga skal vere ferdig med fleire nye punkt innan 2008. Men dette er utan tvil det mest spektakulære, seier delprosjektleiar i den nasjonale satsinga, Bjørn Andresen i Vegvesenet Region Vest.
Utsiktsbrua har hausta merksemd og omtale i ei rekke internasjonale design- og arkitekturmagasin, og arkitekt Todd Saunders er nøgd med det uttrykket anlegget har fått.
- Vi ville gje folk opplevinga av å forlate fjellsida, å kome ut i lufta, seier han.
Samtidig har arkitektane lagt vekt på å la naturen kome i fremste rekke, og ikkje bygge nokon invaderande installasjon.
Samtidig seier Statens Vegvesen at nettopp informasjon er ei av dei viktigaste sidene ved det nasjonale turistveg-prosjektet.
- Det står sentralt i heile satsinga, seier Bjørn Andresen. - Det skal stå gode info-tavler langs vegane før ein kjem inn på dei enkelte rutene. I tillegg skal det stå tavler ved dei enkelte punkta langs ruta. Og på nettet finn dei reisande det dei treng på www.turistveg.no.
Les mer i Bergens Tidende
og hos Todd Saunders Sivilarkitekt.
Designing for the Future: How Today’s Tactical Transit Hubs Are Shaping
Tomorrow’s Cities
-
From multimodal terminals to community-centric stations, these spaces are
reimagining how architecture intersects with infrastructure.
The post Designing...
Legg inn en kommentar