31 januar 2010

Gjenreisingsbyer.no

Våren 1940 vart i alt 23 byar og tettstadar øydelagde under krigsherjingane. Det engelske språket fekk eit nytt ord etter bombinga av Namsos: "to namsosize" - å utslette fullstendig, 60% av Kristiansund forsvann, i Steinkjer låg 80 % av bebyggelsa i ruinar. Ansvaret for reguleringsarbeidet i dei krigsskadde byane og tettstadane vart gitt til eit nytt statleg organ: "Brente Steders Regulering" (BSR) .

I 1944 vart alle byane og tettstadane i Finnmark og Nord-Troms lagt øyde da tyskarane trekte seg ut. BSR fekk ansvaret for gjenreisinga etter krigen.

I dag ser vi på gjenreisingsbyane som verdfull kulturarv:
  • "Gjenreisningsbyen Hammerfest med sin byplan og sine bygninger vurderes å være av nasjonal kulturminneinteresse" (Miljøverndepartementet 2001).
  • "Hovedfokus for Riksantikvarens vurdering er at gjenreisingsbebyggelsen i Molde som kulturmiljø er av nasjonal verdi" (2009).
  • "Kristiansund er ein av dei best bevarte gjenreisingsbyane i Noreg, og det planlagde hotellbygget og gangbrua vil komme i konflikt med ein av hovedaksane og utgjere framandelement i byen" sa Riksantikvaren i 2008, og hotellplanane vart stoppa.
  • "Økt kunnskap om gjenreisingsarkitekturens verdi vil bidra til en fortsatt respektfull behandling av denne bebyggelsen", seier Miljøverndepartementet.
Nettstaden vil bidra til auka kunnskap. Her vil du finne både historisk og aktuelt stoff om og i tilknytting til gjenreisingsbyane.

Gjenreisingsbyer

Legg inn en kommentar

 
Arkitektur  & Miljøteknologi Design: Templateism