22 mai 2015

Nytt "vindmølle"-konsept skal gi billigere strøm

Spanske ingeniørar har utvikla ein sylindrisk vindturbin som skal kunne generere straum ved vibrasjon i staden for å roterande blad, skriv The Independent. Ideen til den utradisjonelle vindturbinen fekk forskarane frå den berømte Tacoma Narrows bridge. I november 1940 kollapsa brua på spektakulært vis då kraftig vind fekk ho til å svinge som om ho var laga av gummi.

Vindselskapet Vortex vuk utnytte vinden til å skape svingingar i sylinderforma vindturbinar som står planta i bakken. Deretter vil vibrasjonen i sylinderen bli omdanna til straum via ein generator.


– Dette er fullt mogleg å gjere, det er eit enkelt prinsipp. Grunnen til at ingen har gjort det før er nok først og fremst at teknologien for å overføre vibrasjonsrørsla til straum har vore vanskeleg å få til, seier professor Ole Gunnar Dahlhaug ved Institutt for energi- og prosessteknikk ved NTNU til NRK.

Likevel er han tvilande til at det vil kunne vere meir lønnsamt enn eksisterande teknologi fordi sylindrane dekker eit relativt lite areal i forhold til ein vanleg vindturbin.

Kilde: NRK Viten

Legg inn en kommentar

 
Arkitektur  & Miljøteknologi Design: Templateism