13 juni 2022

Stadig mer eiendom eid fra utlandet

Statens pensjonsfond utland eier mange eiendommer utenfor landets grenser. Utlendinger eier også betydelige eiendommer i Norge. 
Foto: Wallula
I forskningsartikkelen "Hidden in plain sight: Offshore ownership of Norwegian real estate" bereknar Andreas Økland og Annette Alstadsæter ved Skatteforsk kor mykje av norske bolig- og næringseigedomar som er eigde frå utlandet

Nyleg viste Dubai Uncovered lekkasjen omfanget av skjulte eigedomsformuer i Dubai, også for nordmenn. Det er likevel ikkje nødvendig å reise så langt. DNs avsløring av «den hemmelege kryptofabrikken» på Ringerrike viser kor krevande det er å nøste opp i komplekse eigarstrukturar og finne ut kven som er faktiske eigarar, kvar pengestraumane går, og om skatt blir betalt.

Norske eigedomar for 173 milliardar kronar var eigde frå utlandet i 2017, noko som utgjorde to prosent av totalen. Ein fjerdedel av dette var eigd frå skatteparadis. Dei største utanlandske verdiane er eigde frå Sverige, og deretter kjem Luxembourg, Storbritannia, Finland, Nederland og Sveits.

Majoriteten av norske eigedomar er eigde direkte av personar. Men av dei 1337 milliardar kronene som er eigde via unoterte selskap, så er over ti prosent eigde frå utlandet.

Det viser seg at ein tredel av utanlandseigde eigedomar i unoterte selskap, tilsvarande verdiar for 42 milliardar kroner, er eigde frå skatteparadis, der Luxembourg er det dominerande landet og har halvparten av desse verdiane. Den auken vi ser i eigarskap frå skatteparadis som andel av utanlandsk eigarskap gjennom selskap mellom 2011 og 2017 er også driven av Luxembourg.

Kilde: Skatteforsk

Legg inn en kommentar

 
Arkitektur  & Miljøteknologi Design: Templateism