07 februar 2006

"Missing Link" i Sogndal

Ei gruppe leidd av Arkitektgruppen lille frøen AS har vunne plan- og designkonkurransen om å teikne det nye sentralbygget for Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF) i Sogndal. Under mottoet "Missing Link" har prosjektet skilt seg klårt ut ved å leggje til det manglande leddet som kan binde saman bygningane på høgskulen.

Juryen har hatt eit spennande arbeid og meiner arkitektkonkurransen har vore svært vellukka. Det har vore viktig å få innspel frå dei ulike brukargruppene på Høgskulen undervegs i vurderinga. Rektor Johs. Thaule og direktør Hans Jørgen Binningsbø ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har vore medlemmer i juryen. Dei er godt nøgde med vinnarutkastet og meiner at det er eit godt og tenleg bygg som vil markere Høgskulen på ein positiv måte.

Statsbygg har gjennomført den avgrensa plan- og designkonkurransen på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet (tidlegare Utdannings- og forskingsdepartementet). I alt 38 arkitektkontor ønskte å delta, og fem vart valde ut til å gå vidare i ei avgrensa konkurranse.

Forprosjektet skal vere ferdig før året er omme, og målet er byggjestart i slutten av 2008. Brutto arealramme for bygget blir på 7600 m2, og den estimerte entreprisekostnaden er på nærare 140 millionar kroner.
Lille frøen AS teiknar nybygget til Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Legg inn en kommentar

 
Arkitektur  & Miljøteknologi Design: Templateism