Dette er den vestlegaste busetnaden i Noreg. Bulandet og Værlandet har ein busetnad på om lag 470 menneske. Det har tidligare ikkje vore vegsamband mellom dei to bygdene. Kommunikasjon mellom øyene har vore ferje. Den nye vegen var ferdigstilt i 2003 etter ein byggeperiode på to år, til ein kostnad på 195 millionar kroner.
Vegstrekninga er 6,7 km lang. Delar av vegen er bygt som einfelts veg med møteplassar. Vegen si lineføring er godt tilpassa det småkuperte landskapet. Vegskjeringane er mjukt avrunda, og liknar dei naturlege formasjonane i terrenget.
De låge øyene er bunde saman av i alt 6 bruer med ei total lengde på 986 meter. Både kryssingspunkt, inndeling i spenn, plassering og utforming av søyler og landkar er vektlagt i planfasen. Bruene er bygget med stålkasser eller stålbjelkar i spenna, landkar i betong og brudekke av betong.
vegvesen.no - Årets vinner er Bulandet-Værlandet, Askvoll
Legg inn en kommentar