Six great reads: sports bros, London’s most rock’n’roll hotel and
Tetris-like architecture
-
Need something brilliant to read this weekend? Here are six of our
favourite pieces from the past seven days
Continue reading...
08 januar 2011
Folkets favoritt
Hanne Bjurstrøm /../ kan umogleg hugse syttitalet særleg godt, og heller ikkje ha særs peiling på stolar.
/../
Den største miseren til arbeidsministeren er likevel ikkje at ho håna folks smak, men at ho legg for dagen ei manglande interesse for ein av dei mest vellukka eksportindustriane vi har hatt i landet. Etterspurnaden etter Stressless, som Hanne Bjurstrøm meinte var 70-tals umoderne sosialdemokrati, er så stor ute i verda at Ekornes i fjor sommar måtte få folk til å jobbe overtid for å sikre leveransen av 1800 sitjeplassar kvar dag.
Bjurstrøm avskreiv industrihistorie ho kunne ha tatt med seg som pensum i arbeidsministerstillinga, men ikkje minst i førebuinga av talen til dei dresskledde i Operaen denne dagen. Ho kunne ha peika mot stolen og sagt at der er resultat av ein måte å arbeide på som vi kan lære av i møte med den framtida NHO fryktar slik for.
Få norske industriar har vore tilsvarande så stabile og hatt så stor omstillingsevne. Suksesskriterium har vore samarbeidet mellom eigarar og tilsette. På mikronivå seier utviklinga av møbelindustrien på Nord-Vestlandet noko om kva som skal til for å få nye verksemder til å bløme.
Kilde: bt.no
Abonner på:
Legg inn kommentarer
(
Atom
)
Legg inn en kommentar