09 mars 2019

Du er den nye oljen

Serviceyrker vokser, men er neppe den nye oljen.
Foto: Tiia Monto
Denne gongen har ikkje Noreg ein ny naturressurs å utnytte, som fossefalla og oljen. Mennesket siglar opp som vår viktigaste ressurs, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva.

Produksjonen av olje og gass frå norsk sokkel byrjar å falle rundt 2025, og oppdraga til leverandørindustrien vil falle markant allereie frå 2021. Altså om to år.

Vi snakkar her om ei næring som står for halvparten av norske eksportinntekter, og rundt 170.000 arbeidsplassar. Kanskje over 300.000, om ein reknar med butikkane, drosjene og alle andre som tener pengar på næringa.

Korkje inntektene eller arbeidsplassane vil forsvinne over natta. Noreg vil truleg eksportere olje og gass i fleire tiår framover. Men inntektene og spesielt talet på arbeidsplassar vil falle.

Det er her vi er: Vi er eit land med høge lønningar. Spesielt folk med kort utdanning tener godt samanlikna med andre land. Kvar av oss må difor produsere store verdiar.

Og når vi ikkje lenger har ei råvare som oljen å subsidiere oss, må vi skape verdiane sjølve. Då må anten produksjonen vere svært effektiv (altså automatisert), eller så må prisen på produktet vere høg.

Ein smart skatte- og avgiftspolitikk (her er det politiske nyansar, sjølvsagt), rik tilgang på (statleg) kapital, eit stabilt politisk regime, effektive institusjonar, offentleg og privat forsking og utvikling, og utdanning.

Framfor alt utdanning. Frå barnehage til universitet, inkludert etterutdanning av folka som må omstille seg vekk frå oljenæringa.

Kilde: BT.no

Legg inn en kommentar

 
Arkitektur  & Miljøteknologi Design: Templateism