07 mars 2007

Nytt kunstsenter for Sogn

Den tyske arkitekten Simon Breth stod bak vinnerutkastet etter at Indre Sogn Kunstsenter fikk inn 47 utkast til vurdering.

Oppgaven var å samlokalisere kunstsenteret med Norsk Villakssenter og Lærdal kulturhus på Lærdalsøyri. Utlysningsteksten var relativt åpent med hensyn til disponeringen av tomtearealet.

Juryen sin kritikk

Vinnaren har lagt utvidinga og det nye kunstmuséet på austsida av Villakssenteret.

Ei mindre utviding er lagt mot våtmarksområdet og kjem på godt og vondt nær dette. Det er kommentert i den vidare utvikling av vinnarprosjektet. Det er ikkje gjort greie for korleis turvegnettet er ivareteke. Heller ikkje korleis tilkomsten til utstillingslokala og magasinet er tenkt løyst.

Utkastet har styrke i korleis det knyter saman nytt og gamalt og tek opp bevegelsen til den eksisterande bygningen. Sjølv om fasadane er skissemessig presenterte, gjer beskrivelsen greie for mykje bruk av glas, og at ytterveggane kan tettast og opnast etter behov. Materialbruken, i tillegg til glas, er stein og metallpanel.

Fasadane er ikkje ekspressive, heller minimale. Juryen trur dette kan fungere godt med det eksisterande bygget.

For mykje lys og transparente veggar er inga god muséal løysing. Kunsten kan ikkje konkurrere med naturen. Men når ein fyrst har gjort eit stopp i Lærdal er det ønskjeleg å få med seg begge deler.

Prosjektet krev lite ombygging av det eksisterande og gjer det maksimale ut av det ein har investert frå før. Det svarer på utfordringa med det uavklara rommet med fossefallet ved å byggje rundt det. Dette uterommet, godt synleg frå kaféen, kan bli ein god aperitiff til kunstmuséet med utandørs plasserte installasjonar. Dessutan er kunsten trygt plassert i dette uterommet sidan det er bygd heilt rundt det.

Prosjektet har god flyt i utstillingsområdet. Rundgangen mellom utstillingane rundt det nye uterommet kan bli veldig flott.

Framlegget har alle publikumsareala plasserte på eitt plan. Det gjer trongen for heis liten, samstundes som det oppfyller kravet om universell utforming.

Planløysinga er fin. Det er ein hovudinngang som tek med seg kaféområdet, eigen inngang til kinoen og det er enkelt å stenge av utstillingareala. Den nye resepsjonen hever taket og gir senteret ein presentabel inngang. Den gamle er blitt kinoinngang. Utstillingsareala heng fint saman. Men ein blir ikkje tvungen til å sjå alt dersom ein berre er interessert i det eine av tilboda.

Utstillingssalane har for låg takhøgd. Det er kommentert i vidare utvikling av vinnarprosjektet. Det er heller ikkje gjort nok greie for dei berande konstruksjonane.

Forfattaren har løyst oppgåva på ein elegant måte og heilskapen er godt ivareteke. Perspektiva gir ein tiltalande totalitet og syner arkitektonisk styrke.

Les hele juryens uttalelse.

Legg inn en kommentar

 
Arkitektur  & Miljøteknologi Design: Templateism