For fyrste gong blir det laga ei stortingsmelding om bygningspolitikken. Stortingsmeldinga skal mellom anna handla om effektive, miljøvennlege og brukarvennlege byggjeprosessar, berekraftig kvalitet i bustader og bygg og tilhøvet til byggjenæringa.
Meldinga skal både handle om nye bygg og om kva som må gjerast for å fremje god, berekraftig kvalitet i eksisterande bygningsmasse. Dei fleste av bygningane som finst i dag, vil stå langt inn i framtida. Det er her dei store utfordringane innafor lågare energibruk, redusert miljøbelasting og universell utforming er.
Statsråden har ambisjonar om at energibruken i bygg skal halverast innan 30 år.
- I dag bruker norske bygg 80 tWh i året. Innan 2040 bør vi være nede på 40 tWh. Innan 2020 skalalle nye byggbyggjas med passivhusstandard, seier Navarsete.
Eit anna viktig tema i meldinga er drøfting av det offentlege som førebilete for nybygging og byggforvalting når det gjeld krav til kvalitet, miljø oguniversell utforming. Dessutan vil rolla og oppgåvene til Statens bygningstekniske etat bli drøfta i lys av dei nye utfordringane i bygningspolitikken.
Meldinga skal óg ta føre seg oppfølging av erfaringar og tilrådingar frå det 5-årige samarbeidet i Byggjekostnadsprogrammet og utfordringane knytt til kompetansebygging og -formidling i ei næring med mange aktørar i store og små verksemder over heile landet.
- Byggjefeil kostar 10-15 milliardar kroner årleg. Både byggjebransjen og forbrukarane tener på at kompetansen i næringa aukar. Talet byggjefeil skal ned, seier Navarsete.
- Bustader, bygg og bygde omgjevnader gjev fysiske rammer for kvardags - og arbeidslivet vårt. Dei står for store samfunnsverdiar og er ein viktig del av kulturarven vår. Eg ser fram til eit godt samarbeid med byggjenæringa om meldinga som skal leggjast framfor Stortinget hausten 2011, seier Navarsete.
Paul Rudolph: the artful architect who inspired Foster and Rogers
-
The US architect designed brutalist buildings vast and small across Asia
and America – including his own 27-floor Manhattan apartment. A new
exhibition h...
Legg inn en kommentar