Regjeringa legg i dag fram forslag til ny lov om fornybar energi til havs (havenergilova). I proposisjonen blir det òg lagt fram ein nasjonal strategi for havbasert fornybar energi som oppfølging av klimaforliket.
Framlegget til havenergilov gjev offentleg styring og kontroll med disponering av fornybare energiressursar til havs. Det blir i proposisjonen varsla at det no vil bli sett i gong eit arbeid for å identifisere havareal som er egna for framtidig utbygging. I tillegg går proposisjonen gjennom ulike sider knytt til infrastruktur for elektrisk energi til havs.
Les mer: Store utfordringer for vindkraft til havs.
Forslaget inneber at fornybar energiproduksjon kan etablerast etter at staten har opna bestemte område for søknader om konsesjon. Opning av areal skal baserast på grundige konsekvensutgreiingar for å sikre at alle relevante interesse blir vurdert tidleg.
Proposisjonen har forslag til reglar om skadebot til fiskarar tilsvarande det regelverket som gjeld for petroleumssektoren. Lovforslaget har òg føresegner om tryggleik og arbeidsmiljø, arealavgift, systemdrift og utførsel og innførsel av elektrisk energi.
Les mer: Vindkraft tar av, men ikke i Norge.
Strategien i proposisjonen går igjennom teknologiske, forskingsmessige og andre utfordringar knytt til framtidig utbygging av fornybar energi til havs, samt korleis departementet vil følgje dette opp. Det ble tidligare i år oppretta en tematisk satsing på demonstrasjon av marin fornybar energi, som no skiljast ut i eit eige program. I tillegg er tre forskingssentra for miljøvennlig energi (FME) som er relevante for havenergi under etablering.
Forslaget vi no legg fram for Stortinget peikar ut retninga på ei langsiktig satsing for å gjere havvind til ein ny norsk næring; teknologisk og energimessig. Ein vidare utvikla strategi vil bli lagt fram for Stortinget i 2012, seier olje- og energiminister Riis-Johansen.
Havenergilova - tilrettelegging for havvindmøller - regjeringen.no
The Future of Architecture: ZGF Takes Craft and Sustainability to New
Heights
-
ZGF’s collaborative approach to sustainability is rooted in people.
The post The Future of Architecture: ZGF Takes Craft and Sustainability to
New Height...
Legg inn en kommentar