15 juni 2012

Regjeringas bygningsmelding lansert

Regjeringa la 15.06.12 fram Stortingsmeldinga ”Gode bygg for eit betre samfunn” om bygningspolitikken. Det er den første meldinga i sitt slag.

- Regjeringa vil leggje til rette for energieffektive bygg med god kvalitet. Samstundes skal byggjereglane bli enklare. Ein skal bruke mindre tid, pengar og papir på byråkrati, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Stortingsmeldinga varslar eit forenklingsarbeid som skal redusere tidsbruk og kostnader for involverte partar. Regjeringa vil mellom anna at fleire enkle byggjetiltak skal kunne bli sett i verk utan å søkje kommunen først. Målet er å redusere omfanget av saker med 30 prosent.

- I dag må utbyggjarar gjennom mange byråkratiske trinn frå tidleg plan til ferdig bygg. Dei møter ofte uventa hindre og må ta omkampar. Byggjesøknadar og kommunane si handsaming skal innan 2015 skje digitalt og meir brukarvennleg, seier Navarsete.

Som varsla i Klimameldinga tidlegare i vår, vil regjeringa skjerpe energikrava for nye bygg.

-Bygg står for om lag 40 prosent av energibruken i Noreg. Frå 2015 skal nye bygg halde passivhusnivå, frå 2020 blir det krav om nullenerginivå. Dette gjev næringa tid til å omstille seg. Vi skal no sjå nærare på korleis vi skal utforme krava i praksis, seier Navarsete.

Navarsete tek dessutan grep for at kompetansen i byggjenæringa skal bli betre. Byggje- anlegg- og eigedomsnæringa er største næringa på fastlandet. Den omset årleg for 600 milliardar kroner. Verdien av bygga er på seks billionar kroner. Norske bustadar står for to tredelar.

- Det er mykje pengar involvert i byggjenæringa. Difor treng vi ei kompetent næring. Det blir gjort for mange feil i prosjektering og praktisk bygging. Samstundes er produktivitetsutviklinga låg. Regjeringa vil difor invitere byggjenæringa til samarbeid om eit kunnskapslyft. Satsinga har vi kalla «Bygg21», seier Navarsete.

Legg inn en kommentar

 
Arkitektur  & Miljøteknologi Design: Templateism