30 desember 2015

Kva kom fyrst - kua eller oljen?

Kyr kan muligens gis skylden for mye, som bybrannen i Chicago i 1871, men de bør nok gå fri når det gjelder ansvaret for klimaendringene.
Det er oppsiktsvekkjande og historielaust at vi har ein statsminister som tilsynelatande meiner at kupromp er av dei største klimautfordringane Norge har, skriver Aud Hoved (Sp).

I VG den 25.11.2015 varsla Erna Solberg kutt i spesielt to sektorer, landbruk og transport. Innan transport meiner ho teknologien kan ordne det meste, men at det blir verre innan landbruk og for kua.
/../
Vi har hatt eit jordbruk i Norge og resten av verda i ca ti tusen år. Altså har kua prompa seg gjennom livet i mange tusen år, men klimagassutfordringane har vi ikkje fått før no. Den industrielle revolusjonen som byrja på 1700-talet har i aukande grad forbrukt både ressursar og energi som vi no ser konsekvensane av.

Det er ikkje kua og sauen som er problemet, men vårt forbruk av det svarte karbonet utan eit bærekraftig karbonkretsløp.

Vi må i større grad erstatte oljen, det svarte karbonet, med skogen, det grøne karbonet. Skog i vekst fangar klimagassar og ved å bruke det grøne karbonet til energi, husdyrfor og andre produkt vil vi kunne få eit kretsløp som er bærekraftig og kua og sauen kan beite i skog, mark og på fjellet som dei har gjort i tusenvis av år.


Kilde: Hadeland.no

Legg inn en kommentar

 
Arkitektur  & Miljøteknologi Design: Templateism