14 november 2021

Kulturminneprisen 2021 - Eigarane av Mølltunet

Kvart år blir Riksantikvaren sin kulturminnepris delt ut til personar, organisasjonar eller miljø som har gjort ein særleg innsats for kulturminne. 

Kulturminneprisen i 2021 går til eigarane av Mølltunet. Det er Annette Synneva Møll og Willy Fredheim, Per Otto Solhaug og Lia Ørjasæter Solhaug, Jan Ottar Møll og Solveig Loe Woldseth.


Juryen si grunngjeving:

I Mølltunet held dei liv i det gamle freda tunet. Eigarane inviterer deg inn på tunet, formidlar og fortel med engasjement om historia til plassen. Tunet har over mange år vore eigd og busett av personar som har vore opptekne av å ta vare på det gamle kulturlandskapet og bygningsmiljøet. Framleis er det to fastbuande her, noko som skapar liv i tunet heile året. Mølltunet har fleire freda bygningar og er eit bygnings- og kulturhistorisk viktig døme på eit tettbygd klyngetun i eit bratt vestlandslandskap. Bygningane er frå midten av 1700-talet og fram til 1905. Klyngetunet på Møll fortel oss i dag om landbruk, byggeskikk og landskap i tida før industrialiseringa av landbruket. Tunet ligg midt i verdsarven, og er eit framifrå eksempel på vern gjennom bruk, på at fortida gir framtida verdi.

Riksantikvaren sin kulturminnepris blir delt ut til personar, organisasjonar eller miljø som har gjort ein særleg innsats for:

- bevaring og/eller restaurering av kulturminne

- formidling av kulturminne, nasjonalt eller regionalt

- bruk/gjenbruk og vedlikehald av kulturminne

Legg inn en kommentar

 
Arkitektur  & Miljøteknologi Design: Templateism