11 januar 2010

På veg mot nullutsleppshus?

I klimaforliket skisserte regjeringa ein ambisjon om at alle nye bygg i 2020 skal vere passivhus; ein hustype som nesten ikkje treng energi til oppvarming. Det går sakte framover: Frå 1. august 2009 vart nye energikrav obligatoriske gjennom forskriftsendringar til Plan- og bygningslova. Desse krava reduserer energiforbruket med ein fjerdedel og gjeld både for privathus og næringsbygg. 1. juli 2010 skal det innførast nye krav til energiforbruk i næringsbygg. Det skal stillast krav til varmegjenvinning frå ventilasjonsluft, og det vil komme minimumskrav til fasadar for å redusere bruk av glasbygg.

Lavenergiutvalget foreslo tidlegare i år ei gradvis nedtrapping av energibruken i byggsektoren: Ifølgje utvalet er det muleg å redusere dagens 80 terrawattimar til 70 i 2020, 55 i 2030 og 40 terrawattimar i 2040. For å nå desse måla krevast ein storstilt og langsiktig plan for å endre marknaden for energieffektive løysingar, samt at bransjen må gjerast i stand til å levere dei nødvendige løysingane, meiner utvalet. Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa uttalte nyleg at den nye regjeringsplattforma inneheld nettopp ein lovnad om ein handlingsplan for energieffektivisering i bygg.

Hausten 2009 kom SINTEF Byggforsk med ein ny rapport: «Energieffektivisering i bygninger – mye miljø for pengene!». Ifølgje rapporten kan den norske byggsektoren spare 12 terrawattimar innan 2020 på energieffektivisering. Sparepotensialet tilsvarer ifølgje rapporten ei forretningsmulegheit på om lag 80 milliardar kroner i perioden 2010 til 2020, og dette kan generere om lag 20.000 nye arbeidsplassar.


CICERO

Legg inn en kommentar

 
Arkitektur  & Miljøteknologi Design: Templateism