20 april 2019

Ny innovasjon i landbruket er undervegs

Vertikal dyrking, innendørs, gir full kontroll med vekst og effektiv arealbruk.
Foto: U.S. Department of Agriculture
Reidar Almås, professor emeritus og seniorforskar ved Ruralis, skriv om i Nationen:

Fire innovasjonar har revolusjonerte landbruket i det tjuande hundreåret: Forbrenningsmotoren, Haber-Bosch-prosessen som hentar nitrogen frå lufta, innføringa av avlsgenetikk i planteproduksjon og husdyrhald og utviklinga av kjemisk kamp mot skadegjerarar og sjukdom på planter og dyr. No er ein femte innovasjon undervegs, under mange namn: Det grøne skiftet, klimasmart landbruk, berekraftig intensivering, sirkulær bioøkonomi.

Fire teknologiske nyvinningar i landbruket har gitt ein produksjonsauke som har overgått folkeveksten. Innføringa av traktoren reduserte også behovet for menneskeleg arbeidskraft i produksjonen av menneskemat. Berre i vårt land vart 200.000 arbeidskrefter frigjort til andre næringar under traktoriseringa (frå 1949 til 1966).
Korleis møter vi dagens utfordringar til matproduksjonen, med 835 millionar underernærte og ei galopperande klimakrise? Svaret er at vi må igjennom ein femte jordbruksinnovasjon, den er godt i gang og den inneber samtidig ein revolusjon av dei fire føregåande innovasjonane.

Trekk-krafta må gå på biodiesel, plantene må modifiserast til å binde nitrogen, naturen må utnyttast på ein smartare måte for å produsere grønt karbon og bekjempe skadegjerarar, landbruket må utnytte store data til å bli presist og klimanøytralt og levere meir energi enn det forbrukar, berre for å nemne noen av dei viktigaste innovasjonane som må koma.

Inntrykket mitt er at den femte landbruksrevolusjonen er i gang, utan at mange er klare over det, heller ikkje alle bøndene.

Legg inn en kommentar

 
Arkitektur  & Miljøteknologi Design: Templateism