I og omkring ein gammal kirsebærhage i utkanten av vesle Weil am Rhein har Vitra-sjef Rolf Fehlbaum etter tur sleppt til Frank O. Gehry, Nicholas Grimshaw, Zaha Hadid, Tadao Ando og Alvaro Siza. Resultatet er ei samling med byggverk som det knapt finst maken til på andre industriområde frå vår tid.
Vitra er ein attraksjon på fleire måtar. Fabrikken produserer både møbelklassikarar av verdskjende designarar som Ray og Charles Eames, George Nelson, Jean Prouve og Verner Panton. Men Vitra skaper og nye møbeltrendar ved hjelp av dagens designarar som Philippe Stark, Hella Jongerius og det franske brødreparet Ronan og Erwan Bouroullec.
Den indisk-britiske arkitekten Zaha Hadid skulle eigentleg teikna ein stol for Vitra. Men etter eit møte med dama i London, kom Fehlbaum heim med avtale om at ho skulle teikna ein brannstasjon for verksemda som låg i utkanten av byen, og difor ikkje tilhøyrde noko fast branndistrikt. Brannstasjonen hos Vitra var det aller første bygget Hadid fekk ført opp. Dette var i 1993. Seinare har ho vekt oppsikt med spektakulære byggverk i mange land.
Vitra blei starta av sveitsaren Villi Fehlbaum i 1934. Det var vitrineskåp det gjekk i, heilt til fader Fehlbaum ramla over ein stol av Ray og Charles Eames på ei møbelmesse i USA. Dermed var det gjort. Frå den dagen er det stolar det har handla mest om hos Vitra. Og oppsiktsvekkjande industriarkitektur.
Arkitektur som sel møblar - bt.no.
Vitra.com
Legg inn en kommentar