14 oktober 2007

Meninger om lyntog


Ikke et forbilde for SAS: TGV har i en år-rekke sørget for raske togforbindelser i Frankrike.            Foto: extranoise
«For meg virker planene om høyhastighetstog lite gjennomtenkt og konsekvensanalysert», skriver SAS-sjef Ola H. Strand i det siste nummeret av SAS Norge-magasinet. Strand skriver at dette er «et lite miljøvennlig prosjekt, med de voldsomme inngrep i naturen som blir resultatet. Høyhastighetstog er dessuten enormt energikrevende, og produksjon av kraft forurenser».

Det burde være nok til at noen straks visket ham noen gode råd i øret, men det har tydeligvis ikke skjedd, for til VG utdyper han:

- Dette har ikke noe med miljøpolitikk å gjøre. Det ligner mer på et politisk idéverksted.

Har får svar fra flere hold, blant annet fra Olav Kobbetveit i Bergens tidende:

Kva skal ein seia? At ein SAS-sjef vil slåst for flya sine, og næringa si, er legitimt og ikkje spesielt overraskande. Men at han ikkje er i stand til å argumentera med eit minimum av intelligens for saka si, blir nok lagt merke til. For slik er situasjonen: Flytrafikken framstår som versting i ei tid med alvorlege klimaendringar, og alle tiltak som kan få flya på bakken er velkomne. Lyntog frå Bergen til Oslo - og frå Oslo til Trondheim - kan gjera 80 prosent av desse travle flysambanda overflødig.

Rett nok krev også lyntoga energi, for dei skal gå fort. Men dei kan gå på rein og CO2-fri energi frå norske fossefall. Det er eit konsept som er uslåeleg. Teknologiprofessor Karl Georg Høyer seier til VG: «Moderne hurtigtog er både aerodynamiske og energirasjonelle. Og grønn strøm til norske tog er fullstendig fornybar». Det er ein nådelaus bodskap til ein SAS-sjef som - med hundrevis av daglege avgangar - spyr ut CO2 i eit omfang vi knapt likar å tenkja på.

Det finst ein annan strategi for eit norsk flyselskap som - om vi ser litt inn i framtida - er på vikande front. Som dei seier i USA - if you can't beat them, buy them. Kunne det ikkje vera ein ide for SAS å sjå på seg sjølv som ein transportør i litt vidare tyding, som like gjerne kan frakta passasjerar på bane som i lufta? Eg tek gjerne SAS-toget til Oslo.


SAS-sjef og lyntog

Legg inn en kommentar

 
Arkitektur  & Miljøteknologi Design: Templateism