28 mars 2006

Naturnær bustad på Voss

Foto: Rune Sævig for Bergens TidendeNår vi først skulle byggja nytt, ville vi ha eit moderne hus som skil seg ut, som skaper ein kontrast i nabolaget, utan å dominera dei husa som låg her frå før, seier seier Per Finne til Bergens Tidende.

Han og kona laga lister over kva behov det nye huset skulle dekka. Bladde i bøker og festa gule lappar på bilete av ting dei likte. Alt dette fekk arkitekten Svein Skibnes opp i hendene, men fekk tolka dette grunnlagsmaterialet fritt.

Huset har form som to skoøskjer, den eine litt meir framskoten enn den andre. Langsidene på huset vender mot aust og vest, kortsidene mot nord og sør. Heimen opnar seg mot Vangsvatnet, fjellet Gråsida på motsett side og landskapet under Hanguren. Kontakten med landskapet er størst i stova og på kjøkenet, og oppe på foreldresoverommet, der dei vaksne kan sovna i fullmåneskinet og vaknar med fri sikt inn i fjellheimen. Frå dobbeltsenga er det full utsikt utan den minste innsikt.

Fremste delen av andre etasje er foreldreavdelinga. Her er det også arbeidsbord under vindauga og ein raud skyvedørsvegg som delar rommet i to. Bak skyvedøra er dobbeltsenga med utsikta. Ei anna skyvedør fører ut på ein stor terrasse som ligg oppå stovetaket.

Den delen av huset der stova ligg, er bygd av leca som er pussa og farga koksgrå. Resten av huset er bygd i tre og kledd med kvitbeisa panel. I hagen skal det byggjast eit overbygg over uteplassen, under denne skal det liggja store kvadratiske skiferheller.


Naturnær bustad - bt.no.

Legg inn en kommentar

 
Arkitektur  & Miljøteknologi Design: Templateism