11 juni 2009

Statens byggeskikkpris til Preikestolen Fjellstove

Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa delte i dag ut prisen på 200 000 kroner til byggherren Stavanger turistforeining og arkitektkontoret Helen & Hard. Staten sin byggjeskikkpris reknast som ein av dei gjævaste prisane innan norsk arkitektur- og byggjebransje.

Utstilling i regjeringskvartalet
Dagen romma òg opning av utstilling i foajeen til regjeringskvartalet. Utstillinga syner vinnaren av Staten sin byggjeskikkpris 2009, samt dei sju andre nominerte prosjekta i bilete, ord og teikningar. Utstillinga vil vera open for alle fram til 10. juli.

Utdrag frå juryen si grunngjeving
Preikestolen Fjellstove ligg på Jørpeland i Strand kommune i Rogaland. Fjellstova er teikna av arkitektfirmaet Helen & Hard, som vann arkitektkonkurransen om ny turistforeiningshytte ved Preikestolen i 2004. Stavanger Turistforeining har vore byggherre og Holz100 hovudentreprenør. Bygget er på 1290 kvadratmeter. Tomta ligg i skråninga ovafor den gamle Preikestolhytta frå 1949 og Refsvatn. Preikestolen Fjellstove blei opna i november 2008.

Preikestolen Fjellstove ligg godt i det store landskapet med eit bygningsvolum som gjev assosiasjonar til fjellandskapet omkring. Bygningsvolumet er forma etter det nære terrenget. Dette bidreg til det vellukka forholdet til landskapet og gjev ein fin inngangssituasjon mot den storslåtte utsikta.

Preikestolen Fjellstove sitt arkitektoniske uttrykk er eit direkte resultat av arkitektane si evne til å sjå det formmessige og estetiske potensialet i massivtre. Både arkitektane og byggherren har vist mot og eksperimentell lyst, som har resultert i eit nytt formspråk. Bruken av tre er så konsistent at fjellstova trer fram som eit estetisk gjennomarbeidd prosjekt.

Heidrande omtale til tre bygg
Universet studentbarnehage i Tromsø, Ungdomsavdelinga for psykisk helsevern i Helse Førde og Hundsund grendesenter fekk heidrande omtale av juryen.

Universet studentbarnehage i Tromsø, Ungdomsavdelinga for psykisk helsevern i Helse Førde og Hundsund grendesenter fekk heidrande omtale av juryen.

Detaljer om Preikestolen fjellstove.

Legg inn en kommentar

Arkitektur  & Miljøteknologi Design: Templateism