23 oktober 2009

Kva er ein god by?

Even Smith Wergeland anmelder Peter Butenschøns nye bok Byen - en bruksanvisning i Morgenbladet.

I Byen - en bruksanvisning peiker den norske arkitekten og byplanleggjaren Peter Butenschøn på det han meiner er viktige fellesnemnarar for korleis menneske bruker og konstruerer byen i vår tid: sosial interaksjon, handel og rekreasjon i gater og offentlege rom. Ambisjonsnivået er høgt, men boka blir aldri verkeleg djuptgripande.

I løpet av boka skin det tydeleg gjennom at forfattaren har klare faglege preferansar, til dømes den danske arkitekten Jan Gehl sine idear om at gode byrom er små, saktegåande, fleksible og inkluderande. Dei sinnrike og verdifulle ideane ligg som regel hos arkitektane som, med unnatak av visse seinmodernistiske feilslutningar, representerer fagleg kvalitet i motsetnad til byråkratisk udugelegheit. Norske politikarar og offentlege planleggjarar får gjennomgåande hard medfart. I kapittel 12 oppsummerer han tilstanden med påstanden om at «Etterkrigs-Norge har i stor grad vært bygget ut med venstre hjernehalvdel, der analyse, fornuft, formålsrasjonalitet og saklighet har fått regjere.» Eit liknande synspunkt kjem også fram av diskusjonen i kapittel 7, der Wessels Plass i Oslo blir halde fram som eit skrekkens døme på kva offentlege initiativ kan føra til; eit dikterande, trist og ubrukeleg byrom, basert på nytteverdi snarare enn nyte-verdi, for å bruka Butenschøns eigen distinksjon.
/../
Det er ingen tvil om at Butenschøn er ein kunnskapsrik fagperson som emnar å formidla sin ekspertise på ein engasjerande måte. Men for å nå over det ambisiøse spennet må han av naudsyn ty til mange forkortingar, snarvegar og generaliseringar. Fleire av desse er treffande og innsiktsfulle, medan andre blir for tendensiøse og grunne. Han får påvist mange relevante bruksområde i byen, men som altomfattande bruksanvising kjem boka til kort. Ho sprikar mellom det poengterte og det diffuse, det konsise og det uklare, og blir derfor aldri like djuptgripande som relaterte fagbøker med stramare avgrensing og spissare fokus. Til gjengjeld fungerer ho særs godt som ein introduksjon, og nærast som ei oppfordring, til meir spesialiserte vinklingar.


Morgenbladet.no

Legg inn en kommentar

 
Arkitektur  & Miljøteknologi Design: Templateism