25 mars 2015

Syklar dobbelt så mykje med elsykkel

Foto: profahrrad
Nordmenn er blant dei ivrigaste sykkelkjøparane i verda, men berre fem prosent av alle reisene nordmenn gjer, skjer på sykkel.. Når vi skal til og frå jobb, eller følgje ungane på fotballtrening, er bilen som regel førstevalet. Ny forsking viser at elsykkelen fører til dramatiske endringar i transportvanene.

– Elsykkelen gjer at folk syklar dobbelt så mykje som på ein vanleg sykkel – både målt i kilometer, turar og som del av den totale transporten, seier forskar Aslak Fyhri ved Transportøkonomisk institutt (TØI).

Elsyklistane i forsøksgruppa brukte sykkelen mykje meir enn dei i kontrollgruppa. Dei daglege turane auka frå 0,9 til 1,4 i gjennomsnitt. Den gjennomsnittlege lengda på sykkelturane vart over dobla, frå 4,8 til 10,3 kilometer.
– For å sykle til og frå jobb kvar dag må ein førebu seg, ha logistikken i orden og eventuelt kunne skifte og dusje når ein kjem fram. Det blir for mange eit litt for stort prosjekt. Med ein elsykkel rekk ein over større avstandar på kortare tid. Og fordi ein ikkje blir sveitt, kan ein sykle i vanlege klede eller i dressjakke om ein vil. Elsykkelen har potensial til å erstatte mange av dei kortare turane som mange i dag tek med bil, fortel Fyhri.

Fyhri og kollegaene har også spurt folk om dei er interesserte i å kjøpe ein elsykkel og kor mykje dei eventuelt ville vere villige til å betale. Tala viser at kvinner er mest positive. Medan ei av tre kvinner absolutt eller kanskje vil vurdere å kjøpe ein elsykkel, er det same tilfellet for ein av fire menn.

Forskarane fann ut at menn er interessert i å betale meir for ein ordinær sykkel enn kvinner, samstundes som dei vil betale mindre for ein elsykkel. Fyhri trur dette har samanheng med ein veldig treningsprega norsk sykkelkultur.

Kilde: forskning.no

Legg inn en kommentar

 
Arkitektur  & Miljøteknologi Design: Templateism