16 februar 2016

Økologisk landbruk er langt frå målet om 15 prosent i 2020

Foto: Aalang
Både produksjon og forbruk av økologisk mat utgjer så lite at det blir svært krevjande å nå målet frå Stortinget om 15 prosent i 2020. I 2014 utgjorde økologisk mat 1,45 prosent av omsetjinga i daglegvarehandelen, 4,7 prosent av jordbruksarealet var dyrka økologisk og 2,9 prosent av husdyrhaldet var økologisk.

Trøndelagsfylka har klart mest økologisk dyrka areal, følgde av Østfold og Hedmark. Hordaland, Troms, Rogaland, Agderfylka og Finnmark har minst.

– Økologisk landbruk er meint å vere ein spydspiss i arbeidet for å gjere norsk landbruk meir miljøvennleg og berekraftig, men no går produksjonen i negativ retning. Dei offentlege tiltaka er ikkje gode nok til å auke den økologiske produksjonen, og regelverket er komplekst og uoversiktleg, seier riksrevisor Per-Kristian Foss.

Endringar dei seinare åra gjer det mindre attraktivt å leggje om til økologisk drift. Grovfôrsatsane har gått vesentleg ned. Omleggingstilskotet blei fjerna i 2014. I tillegg har det årlege kontrollgebyret som bønder betalar for å vere knytt til kontrollordninga for økologisk produksjon, auka.

Samstundes har situasjonen endra seg etter at Tine frå 2010 ikkje lenger inngår nye leveringsavtalar der dei betalar meir for økologisk mjølk. Her er det unntak for Region Nord i Tine, der ordninga framleis gjeld.

– Det offentlege kan påverke etterspurnaden gjennom eige forbruk, men gjer lite av det i dag, konstaterer Foss.

Riksrevisjonen rår departementet til å utarbeide ein oppdatert heilskapleg strategi og setje i verk betre stimuleringstiltak for å auke produksjonen, sikre rekruttering og forhindre fråfall av økologiske bønder. Vidare rår Riksrevisjonen departementet til å følgje opp at offentlege verksemder aukar forbruket av økologisk mat og styrkjer bruken av merkenøytral marknadsføring.

Legg inn en kommentar

 
Arkitektur  & Miljøteknologi Design: Templateism