08 januar 2021

Klimaplan for 2021–2030

Noreg skal nå klimamålet vi har sett oss under Paris-avtalen. Regjeringa legg no fram ein plan for omstilling av heile samfunnet fram mot 2030. Planen viser korleis Noregskal oppfylle klimamålet og samstundes skape grøn vekst.

– Utsleppa går ned med denne regjeringa, og det skal dei halde fram med. Klimaplanen er eit historisk taktskifte i norsk klimapolitikk. For første gong legg ei regjering fram ein truverdig, heilskapeleg plan for å få ned utsleppa i alle sektorar. Det skal løne seg å kutte utslepp, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Klimaplanen legg hovudvekta på dei ikkje-kvotepliktige utsleppa. Det vil seie utslepp frå transport, avfall, jordbruk, bygg og delar av utsleppa frå industri og olje- og gassverksemd. Den omhandlar også EUs kvotesystem der det meste av utsleppa frå industri og olje- og gassverksemd inngår. Planen tek i tillegg for seg CO2-opptak og klimagassutslepp frå skog og arealbruk.

 

Klimaplanen bygger på desse hovudverkemidla: avgift på klimagassutslepp, reguleringar, klimakrav i offentlege innkjøp, informasjon om klimavenlege val, økonomisk støtte til ny teknologi og ei satsing på forsking og innovasjon.

Klimakrav i transport
Regjeringa varslar auka bruk av klimakrav i offentlege innkjøp. Det blir krav om nullutslepp for personbilar og lette varebilar i 2022, og for bybussar frå 2025. Tilsvarande blir det krav om låg- eller nulluslepp for ferjer og hurtigbåtar.

Biodrivstoff-volumet i vegtrafikken skal haldast på likt nivå som no, for å sikre reduserte utslepp frå dei som framleis køyrer bilar som brukar fossilt drivstoff. Regjeringa vil innføre omsetningskrav for biodrivstoff til anleggsdiesel og skipsfart frå 2022.

Bilavgiftene skal saman med andre verkemiddel framleis stimulere til at fleire vél nullutsleppsbilar.

Støtteordningar og avgifter
Enova skal målrettast meir som verkemiddel til å nå Noregs klimaforpliktingar for ikkje-kvotepliktige utslepp og medverke til omstillinga til lågutsleppssamfunnet.

Intensjonsavtalen med organisasjonane i jordbruket ligg til grunn for klimaarbeidet i jordbruket framover.

Meldinga varslar også ei gradvis opptrapping av CO2-avgifta til 2.000 kroner per tonn i 2030. Avgifta er i dag på rundt 590 kroner. Auken vil gjere det stadig dyrare å sleppe ut CO2 og stadig meir lønsamt å kutte utslepp. Regjeringa har som politikk at samla skatte- og avgiftsnivå ikkje skal auke. Auka avgifter skal bli motsvart av tilsvarande skatte- eller avgiftslettar.
Slik planlegg regjeringa for å nå Noregs klimamål under Parisavtalen
Per i dag har Noreg ein klimaavtale med EU om å samarbeide om minst 40 prosent utsleppskutt. Dette var det førre målet om 40 prosent utsleppskutt, som både Noreg og EU hadde under Parisavtalen. Samarbeidet med EU dekkjer alle kjelder til utslepp av klimagassar og CO2-opptak, og har tre delar: kvotepliktige utslepp, ikkje-kvotepliktige utslepp og skog og annan arealbruk. I klimasamarbeidet med EU ligg ingen føringar på kor store utslepp som må kuttast nasjonalt. Regelverka opnar for at forpliktinga med EU kan oppfyllast ved bruk av fleksible mekanismar, det vil seie gjennom å finansiere utsleppskutt i andre europeiske land.


Planen inneheld politikk for kvar av dei tre delane.

Ikkje-kvotepliktige utslepp
Kjem frå transport, jordbruk, bygg, avfall, fluorhaldige gassar i produkt og delar av utsleppa frå petroleum, industri og energiforsyning. For desse utsleppa har vi ei eiga forplikting overfor EU om å kutte 40 prosent, i Noreg og/eller i andre europeiske land. Regjeringa har vedtatt at Noreg skal overoppfylle dette målet og kutte 45 prosent i Noreg. I meldinga legg vi fram konkret politikk som gjer at vi oppfyller dette målet.

Dei kvotepliktige utsleppa
Kjem frå verksemder innan petroleum, industri, kraftproduksjon og luftfart. For dei kvotepliktige utsleppa finst eit felleseuropeisk mål, ikkje nasjonale mål. Systemet har eit samla tak på utslepp for verksemdene i alle landa. Noreg har altså ikkje noko eige prosentmål for desse utsleppa. Noregs deltaking i kvotesystemet bidreg til at Noreg når klimamålet vi har under Parisavtalen. Meldinga omtaler korleis dei kvotepliktige utsleppa kan reduserast, og verkemiddel for å oppnå dette. Mellom anna skal staten støtte og leggje til rette for ytterlegare teknologiutvikling i kvotepliktig sektor, og auke CO2-avgifta for dei kvotepliktige utsleppa frå petroleum og nasjonal luftfart.

Skog og annan arealbruk
For opptak og utslepp frå skog og annan arealbruk er forpliktinga i avtalen med EU at utsleppa frå sektoren ikkje skal overstige opptaket av CO2. Uvissa om korleis opptaket og utsleppa utviklar seg i denne sektoren er stor. Med tala vi har i dag ligg Noreg an til å få eit samla netto utslepp (gap) på om lag 18 millionar tonn CO2-ekvivalentar over tiårsperioden. Planen viser korleis regjeringa legg opp til å redusere dette gapet gjennom bidrag til å auke CO2-opptaket i skogen og redusere utsleppa frå skog- og arealbruksendringar.

Noreg og EU sine forsterka mål
Noreg har forsterka klimamålet sitt for 2030 og har meldt inn eit klimamål under Parisavtalen om utsleppskutt på 50-55 prosent. EU har meldt inn eit forsterka mål på 55 prosent (der også skog og arealbruk er rekna inn). Noreg ønsker å oppfylle det forsterka målet saman med EU. Neste steg er at EU vil oppdatere regelverka for korleis utsleppsreduksjonane skal gjennomførast. Eit nytt klimaregelverk i EU vil sannsynlegvis ikkje vere klart før om fleire år. Korleis fordelinga blir mellom kvotepliktige og ikkje-kvotepliktige utslepp, og kva rolle skog og annan arealbruk får, avheng av korleis EU strammar inn på sitt klimaregelverk. I dagens system blir det gjort større kutt i kvotepliktige enn i ikkje-kvotepliktige utslepp. Slik vil det òg truleg bli i det forsterka målet.

Kva gjer regjeringa meir enn å oppfylle klimaavtalen vi har med EU i dag

Samarbeidet med EU opnar for bruk av fleksible mekanismar. Det vil seie at finansiering av utsleppskutt i andre europeiske land kan bidra til å nå dei norske forpliktingane. Men for dei ikkje-kvotepliktige utsleppa er planen å kutte heime. Vi skal ikkje berre nå klimamålet for 2030. Vi må sørge for omstilling no, slik at vi kan nå målet om å bli eit lågutsleppssamfunn i 2050. Difor har planen konkret politikk for å kutte dei norske ikkje-kvotepliktige utsleppa med 45 prosent. Det vil overoppfylle forpliktinga vi har i avtalen med EU om 40 prosent utsleppskutt anten i Noreg eller i andre europeiske land. I tillegg legg planen opp til å auke opptaket av CO2 i skogen og redusere utslepp frå arealbruk.

Regjeringa reknar med at EUs kvotesystem vil bli stramma inn meir enn det systemet legg opp til per i dag, slik at kvotemengda og dermed utsleppa går ytterlegare ned. Planen for dei kvotepliktige utsleppa gjer norsk industri og petroleumsverksemd godt rusta for eit strammare kvotesystem og for omstilling til lågutsleppssamfunnet.


Ambisiøs og fleksibel plan
Det vil alltid vere uvisse om korleis utsleppa utviklar seg, kva effekten av klimapolitikken vil vere, korleis utviklinga av ulik teknologi blir og kor mykje utsleppskutta vil koste. Difor tek regjeringa høgde for å kunne justere politikken undervegs om det trengs. Kvart år vil regjeringa gjere greie for korleis vi ligg an med planen og klimamålet, slik at vi kan justere kursen dersom vi ikkje ligg an til å nå målet. Regjeringa vil leggje fram klimameldingar jamleg, neste gong i 2024.

Legg inn en kommentar

 
Arkitektur  & Miljøteknologi Design: Templateism