31 mars 2006

Hardanger hotell kan gjenoppstå

Hardanger Hotell var det største av ti hotell i turistmetropolen Odda. Så kom tungindustrien. Røyken la seg over bygda, turistane forsvann, hotella gjekk dukken etter tur, Hardanger Hotell blei rådhus alt i 1916. Sidan blei det brukt som forsamlingshus, kino, til vidaregåande skule, som bustadhus og som godsterminal. Eine fløya vart riven på 60-talet, resten i 1976. Til store protestar frå mange oddingar.

Hotellet var eit landemerke. Mange meiner noko har mangla i Odda etter at det vart rive. Det svære bygget, som var den største trebygningen i Nord-Europa, gjorde det lunt i Odda sentrum. Hotellet stod som ein vernande vegg mot trekken frå fjorden. Klimaet i Odda vart endra då det svære sveitserhotellet til arkitekt Hans Heinrich Jess frå 1896 blei borte.


Dei som snakkar om å byggja opp att Hardanger Hotell, vil ha ein kopi av det gamle og meiner huset dels kan brukast til hotell, dels til andre ting.

- Hotellet skal ikkje opp att fordi vi vil leika gamle dagar, men for å kunna gjenskapa noko av stemninga frå den tid, og for å kunna fortelja den fantastiske historia. Odda må vekkjast frå tornerosesøvnen. Vi må tenkja stort. Kanskje kan underet skje. Det vi ønskjer oss er ein pengesterk investor som let seg begeistra av den galne ideen, som vil vera med på å henta fram att glamouren i Odda, seier Randi Bårtvedt.

For tida vert det arbeidd med å finna ut kva det vil kosta å reisa hotellet opp att, og med å laga ein brosjyre som presenterer ideen.


Vill ide søkjer investor - bt.no.

Legg inn en kommentar

 
Arkitektur  & Miljøteknologi Design: Templateism