LINK Arkitekter gikk til tops i konkurransen om ny videregående skole på Sørås i Bergen. Ifølge juryen utmerker prosjektet seg ved at det viser god løsning i hovedgrepet og gir et umiddelbart tiltalende uttrykk.
Skolen er planlagt for ca. 800 elevar og rundt 120 ansatte.
I omtalen av vinnarutkastet COTE seier juryen at bygningen er plassert slik på tomta at skulen får eit oversiktleg og skjerma uteområde og ein klart definert inngang i bygningen sitt sentrum. Prosjektet utmerkar seg ved å ha dei beste løysingane for utearealet, inkludert tilkomsten. Likevel meiner juryen at plasseringa må justerast for å kome lenger vekk frå bygningar mot aust og for å få trafikkareal på nordaustsida.
Den bygningsmessige fleksibilitet er greitt ivareteken. Juryen meiner romfunksjonane i første etasje må gjennomgåast, men at prosjektet elles er tru mot romprogrammet. Prosjektet er godt løyst når det gjeld universell utforming. Bygget er oversiktelig og lett å orientere seg i. Her er det ingen overraskingar, det ein er på jakt etter er der ein ventar å finne det.
Stor kunnskap om «skuledrift»
Juryen seier at prosjektet er godt presentert og viser stor kunnskap om «skuledrift». Bygget har fått eit tiltalande uttrykk med stort arkitektonisk potensial, der to klare bygningsvolum er samanstilte, og i koplingspunktet finn ein hovudinngangen og storstova. Inngangspartiet omkransa av den store glasfasaden og idrettshallen gir inntrykk av å kome til eit ope hus.
Prosjektet har ein struktur som tek utgangspunkt i avdelingsskulen, likevel er løysinga fleksibel og tillet god flyt og kontakt mellom undervisningsareala, både vertikalt og horisontalt.
Amfiet er ei vidareføring av terrengfallet på utsida, der ein aktivt har drege kotane/terrenget inn i det sentrale rommet, og slik får eit «naturleg» amfi.
Sentralrommet er godt dimensjonert i høve til funksjonen storstove og samfunnshus. Her ligg dei viktige funksjonane godt integrert i forhold til sentralrommet. Ein kan opne inn til idrettshallen og ved å plassere scenen i opninga, får ein større fleksibilitet ved at denne kan vendast anten mot idrettshallen eller mot kantinearealet/storstove.
Store glasfasadar utfordrar
Dei forholdsvis store glasfasadane som er medverkande til å gje skulen det opne og venlege arkitektoniske uttrykket, vil verta ei utfortring når det gjeld problemstillinga rundt kontroll av lysinnslepp og varmetap.
Sørås videregående skole.
Structuring Nature: The Architectural Pursuit of Ecological Complexity
-
Infrastructural landscape projects are growing in ambition, challenging
architects to rethink foundational design approaches.
The post Structuring Natur...
Legg inn en kommentar