26 januar 2009

Ikke noe nybygg ved Astruptunet

Astruptunet i Jølster
Nikolai Astrup budde med familien sin på Astruptunet frå 1912 til han døydde i 1928. Foto: Hans Olav Stegarud©Riksantikvaren
Astruptunet i Jølster, der målaren Nikolai Astrup budde og måla mange av sine kjente kunstverk, er eit kulturminne av nasjonal verdi. Planane om eit besøkssenter og rasvollen dette vil utløyse vil ha ein uakseptabel verknad på landskapet og kulturmiljøet kring tunet. Riksantikvaren reiser derfor motsegn mot reguleringsplanen for området.

I ny reguleringsplan for Astruptunet i Jølster vil ein legge til rette for å kunne bygge eit nytt besøkssenter og galleri attmed Astruptunet, samstundes som vern av bygningar og anlegg i tunet vert sikra. Slik besøkssenteret og galleriet er utforma fører det til krav om rasvoll. Den plogforma vollen over besøkssenteret vil bestå av ein voll og grøft på utsida. Vollen blir 2,5 meter høg og effektiv høgde frå grøfta og opp til toppen av vollen blir 5 meter.

Riksantikvaren vurderer Astruptunet som eit kulturminne av nasjonal verdi. Det planlagde besøkssenteret og rasvollen rundt vil vere eit inngrep av ein slik skala at Riksantikvaren ikkje finn det akseptabelt. Riksantikvaren reiser derfor motsegn mot ny reguleringsplan for Astruptunet.

Kunstnarheim
Målaren Nikolai Astrup tok over den gamle husmannsplassen som no er Astruptunet i 1912. Han bygde opp tunet med gjenbruk av eksisterande bygningar og tilflytting av andre eldre bygningar til tunet. Nikolai Astrup var oppteken av pryd- og nyttevekstar og restane av hagearbeidet inngår som ein viktig del av heilskapen kring tunet.

Nabotunet til Astruptunet, "Sandalstrand" var og tidlegare husmannsplass. "Sandalstrand" finn ein att i mange av motiva til Nikolai Astrup og nærleiken og samanhengen mellom Astruptunet med hage og nærområde og "Sandalstrand" bør handsamast som ein heilskap.

Les motsegna frå Riksantikvaren her (pdf)


Riksantikvaren - Ønskjer å bevare heilskapen rundt Astruptunet

Legg inn en kommentar

 
Arkitektur  & Miljøteknologi Design: Templateism