29 januar 2009

Nasjonal turistveg Gaularfjellet


Utsikten langs Nasjonal turistveg Gaularfjellet. Illustrasjon: Code Arkiktektur AS
I knivskarp tevling med to av dei aller beste arkitektkontora i Noreg er Code arkitektur AS vinnar i arkitektkonkurransen på Utsikten langs Nasjonal turistveg Gaularfjellet.

- Utkastet viser ei nytenkjande tolking av ei turistvegoppgåve saman med ei særs god skulpturell formgjeving. Dette kan bli ein hovudattraksjon på Nasjonale turistvegar, skriv juryen

Flak av betong
Det store grepet er eit betongflak som reiser seg i tre ender Dette formar eit amfi. Juryen er særleg nøgd med at forslaget frå Code kan nyttast på fleire vis i tillegg til rast og utsikt. Plassen kan brukast til bryllaup, konsertar og skateboardfestivalar. Slik kan Utsikten verte ein lokal attraksjon og samlingsstad for fleire enn turistar, skriv juryen.

Ytst på den nordlege spissen vil dei besøkande få den mest dramatiske opplevinga. Frå sør er det godt utsyn mot skaret kor riksvegen kjem ned frå fjellet. Her er det føreslått ei tribune. I det siste hjørnet ligg toaletthuset. Utsiktamfiet vert laga slik at vegfarande kan gå ut i terrenget gjennom opningar i betongflaket. Slik kan dei i ruskevêr søka ly under taket

Code har og løyst parkeringstilhøva på ein god måte. Til vanleg er det plass til ti bilar og to bussar. Nye Utsikten skal etter planen vere ferdig i 2011. Sivilarkitekt Morten Løvseth er leiar av juryen. Han har med seg landskapsarkitekt Eva Preede og skulptør Knut Wold.

På lag med Nasjonal turistveg Sognefjellet
Nasjonal turistveg Gaularfjellet kjem hausten 2011 i selskap med dei Nasjonale turistvegane over Strynefjellet, Sognefjellet og Aurlandsfjellet og dei andre 14 Nasjonale turistvegane. Vegane skal marknadsførast tungt nasjonalt og internasjonalt som ein særeigen turistattraksjon frå turistsesongen 2012. Fullføring av ytterlegare tiltak vil skje i perioden 2012 – 2016.

Legg inn en kommentar

 
Arkitektur  & Miljøteknologi Design: Templateism