22 april 2023

Riksantikvaren godtek bybane gjennom mellomalderbyen og over Bryggen

Bryggen i Bergen Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Riksantikvaren har vurdert Bergen kommune sitt reviderte planforslag og vurderer at det ikkje er grunnlag for å be Vestland fylkeskommune om å reise motsegn mot reguleringsplanen.

– Mellomalderbyen Bergen og verdsarvstaden Bryggen er kulturmiljø med stor nasjonal og internasjonal verdi. Difor er det naudsynt å vere varsam når ein skal planlegge for eit så stort tiltak som Bybanen. Det vil alltid vere usikkerheit til stades ved så store anleggsarbeid, men det er gjort godt arbeid for å minimere risikoane, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Etter at Riksantikvaren bad fylkeskommunen om å reise motsegn i desember 2022, sendte Bergen kommune ut eit revidert planforslag rett før påska i 2023. Riksantikvaren sin vurdering er at reguleringsplanen for Bybanen, Bergen sentrum – Åsane no kan godkjennast. Føresetnaden er at det vert gjennomført arkeologisk gransking og avbøtande tiltak, for å sikre kjeldeverdi og langsiktig bevaring av kulturlag i planområdet og tilgrensande område.

– For eit så omfattande tiltak som etablering av Bybanen gjennom Mellomalderbyen Bergen og verdsarvstaden Bryggen, er det viktig å minimere negative verknader og usikkerheita så mykje som mogleg, seier Geiran. – Dei arkeologiske grunnboringsundersøkingane har redusert usikkerheita. Med det reviderte planforslaget kjem det også andre avbøtande tiltak for å betre situasjonen, seier Geiran.

Bryggen i Bergen er ein av i alt åtte norske stader på verdsarvlista. Dei eineståande kulturhistoriske verdiane på Bryggen er viktig for både bergensarane, Noreg og det internasjonale storsamfunnet. UNESCO har følgt arbeidet med reguleringsplanen tett. Kommunen har fått utarbeidd ein KUVA-rapport (Konsekvensutgreiing for verdsarv), som vurderer reguleringsplanen sin verknad på verdsarvverdiane på Bryggen og representantar frå UNESCO og ICOMOS har vore på ei rådgjevande synfaring.

– Bybanen er det største klimatiltaket Bergen kommune gjennomfører for å styre mot eit lågutslepp-samfunn. Samtidig vil vi forvalte verdsarven etter beste praksis. Bergen kommune har arbeida grundig og raskt for å møte våre krav i det reviderte planforslaget, seier Geiran.

I tråd med anbefalingane frå UNESCOs rådgjevande synfaring og KUVA-rapporten, legg det reviderte planforslaget opp til etablering av eit overvakingsprogram i samarbeid med kulturmiljøstyresmaktene, for å følgje med på dei arkeologiske kulturlaga og stabiliteten til bygningane på Bryggen. Det skal også utførast arkeologiske undersøkingar og utgraving der det skal gravast som følgje av etablering av banetraseen og omlegging av røyr og leidningar.

Ekstra grunnundersøkingar
I månadsskiftet februar/mars gjennomførte NIKU, etter anbefaling frå Riksantikvaren, ekstra arkeologiske grunnundersøkingar for å få meir kunnskap om alderen, tilstanden og djupna til dei arkeologiske kulturlaga langs banetraséen. Resultatet frå undersøkingane supplerer kunnskapen vi har om kulturlaga. NIKU tilrår at løyve for inngrep i automatisk freda kulturminne i samband bygginga, blir gjeve med vilkår om arkeologisk gransking og miljøovervaking som sikrar kjeldeverdien til kulturminna.
Kulturmiljøverdiane på Bryggen og i mellomalderbyen

Mellomalderbyen Bergen og verdsarvstaden Bryggen er kulturmiljø med stor nasjonal og internasjonal verdi. Bryggen i Bergen er skriven inn på UNESCO si verdsarvliste. Kultur- og naturområda på lista reknast som umisselege for menneskeheita. Verdssamfunnet har difor teke eit felles ansvar for å ta vare på desse for framtidige generasjonar. På lista finn ein blant anna Taj Mahal, pyramidane i Giza, Great Barrier Reef, Akropolis, som står side om side med dei åtte norske stadene som er skrivne inn på lista.

Verdsarvområdet med bygningane på Bryggen og Hanseatisk museum er eit minne om ein av dei største handelsbyane og -hamnene i Nord-Europa. Bygningane sin langstrakte struktur, med gavl mot sjøen, har vore i bruk sidan byen vart anlagt på 1000-tallet og saman med dei arkeologiske kulturlaga inngår dei i eit heilskapleg kulturmiljø. Dei arkeologiske kulturlaga i mellomalderbyen består av aktivitetsspor knytt til busetnad, handverk, handel, sjøfart, sakralt og urbant liv. Over kulturlaga frå mellomalder er det kulturlag og kulturminne frå Bergens etterreformatoriske historie opp til dagens Bergen. Her er bygningsstrukturar frå mellomalderen, gatenett, ståande mellomalderkyrkjer, bevarte ruiner og eit stort omfang av arkeologiske kulturlag. Området for traséen for Bybanen består av kulturlag med svært ulik samansetnad, i både tjukn og i alder.

Legg inn en kommentar

 
Arkitektur  & Miljøteknologi Design: Templateism