22 april 2008

40 bruer freda

Eit utval av bruene til Statens vegvesen er no freda av Riksantikvaren. Formålet med fredinga er å sikre og bevare eit utval vegrelaterte byggverk og anlegg som er representative for den historiske utviklinga av vegnettet i Noreg frå omkring 1537 og fram til i dag.


Foto: m.prinke

Fredinga skal sikre arkitekturen og hovudpreget. Både bruanlegget si hovudstruktur, organisering og detaljering som tekniske løysingar, materialbruk, overflater og det fysiske preget som viser funksjon, skal oppretthaldast.

Forvaltingsplan for dei freda bruene, der omfanget av vernet og utdjuping av fredingsbestemmingane blir omtalt nærmare, har vore send på høring frå Statens vegvesen til dei kommunane og fylkeskommunane dette gjeld.

Sjå oversikt over dei freda bruene her: Forskrift om freding (pdf)

Les vedtaket her (pdf)

Legg inn en kommentar

 
Arkitektur  & Miljøteknologi Design: Templateism