23 april 2008

Forsøk med bølgekraftverk

Energien i bølger på vestkysten av Norge er stor og innebærer et betydelig potensiale for utbygging av bølgekraftverk. Vattenfall og Tussa har gått sammen om å prøve ut et bølgjekraftverk basert på Seabased sin teknologi.

Bølgjeenergi er sett på som ei interessant energikjelde for framtida og det har eit stort potensiale. For å vinne meir erfaring med Seabased sitt bølgjekonsept, ønskjer partane no å teste ut eit anlegg med tilkopling til elnettet. Seabased sitt konsept byggjer på ei flytande bøye der bølgjenergien blir overført gjennom eit ståltau til eit stempel i eit bølgjekraftaggregat som står på sjøbotnen. Fleire aggregat blir kopla saman og den elektriske energien blir omforma til å kunne koplast til elnettet på land gjennom ein sjøkabel.

Fordelane med konseptet er mellom anna at det blir minimale inngrep i strandsona, det blir lite synleg, det lagar ikkje støy og det kan setjast opp i kystnære område.

Første steg i testen er å finne gode og eigna plasseringar av testanlegg. Det er forventa at installasjonen av testanlegget vil skje i slutten av 2008 eller starten av 2009.

Vattenfall er eit stort europeisk energiføretak som investerer mykje i fornybar energi for å nå klima- og miljømål. (www.vattenfall.se)
Seabased er eit svensk føretak som utviklar bølgjekraftteknologi.(www.seabased.com)
Runde miljøsenter, som er eit lokalt forskingssenter under oppbygging, er engasjert for å hjelpe til med lokaliseringa.(www.rundecentre.no)

Legg inn en kommentar

 
Arkitektur  & Miljøteknologi Design: Templateism