04 april 2008

Passivhus i Norden


Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa holdt tale ved åpningen av konferansen "Passivhus Norden 2008" i Trondheim.

"Passivhus Norden 2008” er den første i ein nordisk serie av konferansar om passivhus. Slik sett er det ein merkestein: Byrjinga på noko viktig - og eit teikn i tida. Spesielt land som Austerrike og Tyskland har kome langt, Sverige også. Denne samlinga ber bod om at dette er i ferd med å bli eit nordisk fenomen i tillegg.

Statsråden fortalte at Regjeringen skal vurdere å innføre krav om passivhus på alle nybygg.

Nett som i språket inneheld også hus, bygningar og arkitektur kunnskap, visdom og erfaringar. Ikkje minst er dette viktig: Byggjeskikk speglar ikkje berre tida, men landskap, vêr og vind. Byggjeskikk representerer slik sett også svar på utfordringar og folk sine behov. Eit handfast døme: Dei gamle bryggjene som ligg langsmed elva her, ser ut som dei gjer, og vart bygde som dei er, for å vera funksjonelle handelshus og lager i gamle dagar. Eldre hus og heimar på det vêrharde Stadlandet, lengst vest i Noreg, er på si side utforma for å stå oppreiste og robuste gjennom orkanar.

Alt dette - vêr og vind, lokale forhold og utfordringar - gjeld også i dag. Dette er framleis forhold som er og bør vera relevante for byggjeskikk, arkitektur - og for ein moderne bustad- og bygningspolitikk.

Mange teikn i tida tyder på at klimaet ikkje berre endrar seg, men at endringane òg er menneskeskapte. Difor er fleire enn før opptekne av miljøspørsmål, difor er også miljøpolitikken for alvor i ferd med å bli meir offensiv. Både internasjonalt (til dømes i EU) og her i Noreg.

EU har ambisiøse energi- og klimamål. I mars 2007 vart medlemslanda samde om at klimautsleppa i 2020 skal vera 20 prosent lågare enn i 1990. I tillegg tek EU-landa sikte på å spara 20 prosent energi, og etterstreva 20 prosent fornybar energi i energimiksen (mot 8,5 i dag) - alt innan 2020.

No i januar vart det inngått eit klimaforlik mellom regjeringspartia og tre av dei fire opposisjonspartia på Stortinget. Ein kjerne i dette forliket er semje om at Noreg innan 2020 skal redusera dei globale klimagassutsleppa tilsvarande 30 prosent av Noreg sine utslepp.

40 prosent av energibruken i samfunnet skjer i hus og heimar, i offentlege og private bygg. Dette er norske tal, men dette kan òg gje ein peikepinn om stoda i andre land. Poenget er dette: Andre hus, nye byggjeskikkar, moderne arkitektur har ei viktig miljøpolitisk rolle å spela. Det gjeld ikkje minst passivhus, som i gjennomsnitt har eit energibehov tilsvarande 25 prosent av dagens vanlege nivå.

Miljøpolitikken har også teke dette inn over seg. Ein del av klimaforliket på Stortinget gjeld nett passivhus: Det er semje om at røynslene med passivhus skal fylgjast opp, og at det skal vurderast å innføra krav om passiv husstandard for alle nybygg innan 2020.

Sett at dette skjer på sikt, at ord vert røyndom: Då vil vi i Noreg ha redusert den årlege bruken av energi tilsvarande fleire gasskraftverk som det på Kårstø. Slike endringar er ikkje utan kostnader. Passivhus kostar meir enn vanlege hus – på kort sikt. Poenget er at passivhus inneber aktiv endring. Av samfunnet, av klimapolitikken, av måten å tenkja på: Tilsynelatande små tiltak – hus for hus – kan summera seg opp og bli grunnleggjande.

Men dette er ikkje berre miljøpolitikk, det er i høgste grad også kommunal- og bustadpolitikk: Eg er oppteken av at kommunane skal leggja til rette for passivhus. Per i dag er det ikkje store behov for at passivhus treng særbehandling i regelverket, men dette må vurderast når satsinga på slike hus aukar og byggjeteknologien utviklar seg. Det siste er viktig, for i dag er det snakk om ein ny byggjeteknologi: Alle ledd, både bygningsbransjen, forvaltninga og politikarar, treng tid for å skaffa seg kunnskap.

Denne konferansen handlar også om dette, om søking etter kunnskap, men òg om vilje til ansvar og evne til endring. De som er her, er viktige i så måte. Diskusjonane her i dag og i morgon, og emna som skal drøftast, kastar kvar for seg ljos over korleis vi kan koma vidare på vegen mot eit meir berekraftig samfunn. Denne konferansen er på sett og vis eit stort torg; ein møteplass for utveksling av erfaringar og med rike moglegheiter for læring. Konkret kunnskap som kan og vil føra til handfast endring.

Vi er inne i ein pionerfase, meiner eg. Dette er ikkje berre den første konferansen i sitt slag. Vi har heller ikkje mange døme på passivhus her i Noreg enno. På same tid er det som skjer i Trondheim over desse dagane ein del av eit større bilete og heilskap.

Nybygginga utgjer berre ei liten del av den totale bygningsmassen. Det store energipotensialet ligg sjølvsagt i eksisterande bygg. Difor er Husbanken sitt arbeid med og støtte til prosjektet Eksbo, som har fokus på kostnadseffektiv fornying av eksisterande bustader, så viktig. Eksbo er ein del av eit internasjonalt prosjekt. Målet er utvikling og gjennombrot for kostnadseffektive energipakkar for eksisterande bustader.

Dessutan: I februar 2007 kom det nye energikrav i byggjeforskrifta. Dei nye krava er 25 prosent strengare enn dei gamle. Det vart også innført krav om at minimum 40 prosent av energibehovet i nybygg skal dekkast av fornybare energikjelder. Samstundes vart det signalisert at denne regelskjerpinga berre var eit første steg. Nye energikrav vil koma minst kvart femte år.


Les statsrådens tale i sin helhet

passivhusnorden.no

Legg inn en kommentar

 
Arkitektur  & Miljøteknologi Design: Templateism