26 september 2008

Golfstraumen ikkje svekka

Varmt vatn som flyt nordover frå Atlanterhavet, Golfstraumen, vert nedkjølt ved Nordpolen. Vatnet returnerer så igjen mot ekvator som ein kald djuphavsstraum. Dei siste åra har fleire forskargrupper varsla om reduksjon i dei kalde djupe havstraumane, har ført til ei frykt for at Golfstraumen kan stoppe opp. Det vil igjen bety at Skandinavia vert kaldare sjølv om ein får global oppvarming.

No visar ein kombinasjon av målingar av havstraumen og modellar at straumen har vore stabil.

- Me er temmeleg sikre på at at dei tidlegare rapportane må vere misvisande. Det er ingen teikn som tyder på at Golfstraumen vert svekka. Me har kome fram til at naturen har justert for endringa, no er det andre drivkrefter som har tatt over, seier Svein Østerhus, forsker ved Bjerknessenteret.

Ein av drivkreftene til havstraumen mellom Norskehavet og Atlanterhavet er skilnad mellom tettleiken i vatnet, temperatur og saltinnhald. Målingar dei siste åra har vist at denne skilnaden har blitt mindre. Difor har ein også trudd at havstraumen ville avta. Ettersom innstrøyming av varmt vatn i Norskehavet heng saman med utstrøyming av kaldt vatn, ville risikoen for oss her i Noreg vore at Golfstraumen kunne blitt svekka.

- Naturen har det med at når den eine komponenten vert redusert, så vert ein annan styrka. Straumen burde blitt mindre ettersom tettleiksforskjellen er mindre. Men vind og trykk har kompensert for dette. Det som har skjedd er at havnivået i Norskehavet har auka og har kompensert. Då er altså straumen konstant sjølv om tettleiksforskjellen er redusert, seier Østerhus.

Forskarane vil no halde fram målingane av havstraumane mellom Nord-Atlanteren og dei nordiske hava. Målet er å etablere billige og gode målestasjonar i havet på same måte som verstasjonane på land. Østerhus koordinerer også eit stort nasjonalt prosjekt der på effekten av varmetransporten til Arktis vert studert.

Legg inn en kommentar

 
Arkitektur  & Miljøteknologi Design: Templateism